Gardsdrifta

Garden Nedre Økland

På sørsida av Bømlafjorden, tvers over for Moster, ligg garden så fint og speglar seg i fjorden med utsyn mot majestetiske Sidjo. Garden er ein typisk vestlandsgard, og det er fjorden og havet utfor som har vore hovudnæringa for dei som har vore gardbrukerar her opp gjennom generasjonane. Garden har vore i vår slekt i fleire hunder år og har i alle desse åra vore kjærkomen attåt næring for folket her. Rundt 1850 var det 1 hest, 5 kyr og nokre sauer på garden, i dag er det godt og vel eitt hundre sauer i drifta. Rett nok så driv me i tillegg 4 andre gardar og har fjellbeite på Hardangervidda.

Fjellbeite

Om somaren frå tidleg i juli til uti september får ein god del av sauene ein etterlengra ferie på Hardangervidda. Dei blir då kjørde til Valldalen som ligg rett aust for Røldal, og deretter så ventar ei ti til tolv timar lang drift inn til beiteområda ved Kvennsjøen. På grunn av snøsmeltinga og høgda dette beite ligg på så har tilgong på friske nyutsprungne vekster gjennom heile somaren. Ein evig vår. Beite i området er i regi av Skjold Beitelag som organiserar tilsyn, sanking og har hytter til disposisjon for brukarane.

Sauene

På garden er det tre raser sauer, det er dei to norske rasane Gammal norsk sau(Villsau) og Norsk kvit sau(NKS), og så har me den Skotske rasen Svartfjes. Villsau er den opprinnelege rasen som høyrer til her i Noreg, og er ein sau som er særskild tilpassa forhalda på norskekysten. Der den nyttar seg av alt frå gras til lyng og tang/tare. Den har god og isolerande ull som gjer at den klarar seg ute heile året gjennom. Den er lite plaga med fødselsvanskar, og gir gode slakt om den får godt stell. Svartfjes sauene har mykje av dei same eigenskapane som villsauene men er ein litt større sau. Hos oss går desse to rasane ute heile året og har tilgong til utmark der dei kan finna næring i lyng, brake osv, dette er med på å gi kjøtet den ettertrakta villsausmaken. Villauene har og den fordelen at dei lagrar fett for vinteren rundt dei indre organa, så den vil også ha eit magrare kjøt enn andre sauerasar. Som supplement til dette får dei tilleggsfor i form av kraftfòr og silo/høy i vinterhalvåret. Særskild for at tronga for mineral og protein skal bli dekka, noko som utmarka er fattig på om vinteren.

NKS sauene er ein mykje større rase enn dei to andre rasane våre, det er ein sau som er foredla frå forskjellige norske rasar og blanda inn med rasar frå andre land. Den er avla for å produsera mest mogleg kjøt ut frå norske forhald, og ingen sau kan produsera så mykje som denne på norske utmarks ressursar. Sidan det er ein stor sau, så krev den og meir fòr gjennom vinteren, og større lam gjer at den kan ha litt meir vanskar under lembinga men som regel går det heilt fint.